| STEINAR AAS | |||||||
|
Innleiing: Då
Narvik by feira sitt 50-årsjubileum i 1951-52 var det særleg to personar
som blei dratt fram i lyset. Det eine var rallaren og det andre Svarta Bjørn.
Begge figurane fekk frå då av ein heilt spesiell plass i byens
identitetsskaping. Dei blei dratt fram i det som seinare skulle bli
Vinterfestuka, og i historieverket til byjubileet, og i tillegg kom
forfattaren av historieverket, Nils A. Ytreberg med romanen Svarta Bjørn,
som var hovudbok i bokklubben det året den kom ut. Markeringane i Narvik
var berre fortsetjinga på ein trend som alt var i gang på slutten av
1940-åra i Sverige. Den svenske filmen ”Rallare” basert på Olle Länsberg
sitt manus kom i 1947. I filmen møter vi eit arbeidslag av
jernbanearbeidarar mellom Luleå og Narvik rundt 1902, med eit rikt
persongalleri. I filmen møtte man utanom rallarkokka Svarta Bjørn og den
grådige spritlangaren Blom, rallare
med namn som ”Stora Ballong”, ”babtist-Anders”, ”Sikkavaara
frans” og ”Dynamiten”. Mange
norske forfattarar hadde skildra rallaren i 1920- og 30-åra. Fleire av
dei hadde vore rallarar, eller kjente figuren frå sitt eige liv. Det nye
etter krigen var at dei som ikkje hadde inngåande kjennskap til
rallarlivet var begynt å bygge opp mytar og historier. Mangelen på eigne
erfaringar blei dels kompensert ved hjelp av munnlege kjelder. I løpet av
50- og 60-, og 70- åra skjedde eit omfattande dokumentasjonsarbeid blant
kulturminneforskarar, historikarar og andre for å få nedskrive
arbeidarminne. På
bakgrunn av dette stoffet kan ein seie noko meir om rallarens
velmaktsdagar, om kva som er myter og kva som var realitetar. Eg vil prøve
å problematisere litt omkring denne myteproduksjonen, og sjå nærmare på
fenomenet rallaren og rallarepoken. Vi kan godt
seie at dette foredraget tar sikte på å sette rallaren og rallartida inn
i ein historiske samanheng. Men eg vil også prøve å gje nokre råd i
forhold til korleis ein bør arbeide vidare når ein brukar rallaren og
rallarkokka som symbol i kultur- og identitetsskaping. 1.
Rallartida Perioden
mellom ca. 1860 og 1920 har blitt rekna som rallarens velmaktsdagar, eller
rallartida. Det er ikkje tilfeldig. Epoken er både i Norsk og svensk
historie prega av ei omfattande industrialisering. Både i Nord- og Sør-Noreg
og i Sverige skjedde det store industriinvesteringar. Jernbaneanlegg,
gruvedrift og industribedrifter voks fram som paddehattar over heile
landet, og overalt vart det eit enormt behov for arbeidskraft. I 1900 for
eksempel var det 5-6000 arbeidarar tilsett med å bygge jernbaner i landet
vårt. Då hadde talet på arbeidarar vore nær det dobbelte i 1870-åra.
I 1905 var det berre under Hydro-utbygginga på Rjukan 2-3000 mann i
sving. Også i Nord-Noreg og Nord-Sverige skjedde det ei omfattande
industrialisering. Ikkje berre i Narvik, men også i andre Ofotbygder som
Ballangen, Evenes og Råna var det nye prosjekt knytt til gruvedrifta i
området. Det skjedde også i Rana, Salangen, Kåfjord i Nord-Troms og
Kirkenes, og frå før hadde landsdelen Sulitjelma gruber ved Fauske som i
alt hadde tilsatt vel 1000 mann. I
samband med utbyggingane blei det også bygd kraftstasjonar, og
elektrifiseringa skapte også eit sterkt behov for arbeidsfolk. Både
kvinner og menn. Rallartida er tidfesta til den perioden behovet var størst
for ei mobil arbeidskraft, og den klårt største gruppa arbeidarar var
den som folketeljingane registrerte som ”jord- og steinarbeidarar”,
dei som kjørte og bar stein, dreiv med skinnelegging, graving, boring og
sprenging. Edvard
Bull skriv at vandrarkulturen oppstod i ein tidsepoke kalla
"kapitalismens frigjørende fase". Denne perioden varte frå
1860 til ca 1920, og viser til den tida då industrialismen hjelpte til å
løyse den vanskelegast stilte bondebefolkninga frå tradisjonelle sosiale
og økonomiske band.[1]
I denne situasjonen kunne folk reise etter arbeid i byar, langs
jernbaneanlegg eller ved fossefall. Dei kunne bryte opp frå gamle
stamnsband og ut av det gamle husmannssystemet, eller legge seg opp litt
pengar og reise til Amerika. Det
var ein periode prega av ein enorm konkurranse om arbeidskraft. Det var
til stor gunst for arbeidarane. Rallarfiguren oppstod med andre ord i ein
historisk fase då kampen om arbeidskraft var større enn kampen om
arbeid. Rundt
1920 stagnerte den pågåande industrialiseringa. Mange industribedrifter
i Nord-Noreg møtte veggen, ikkje minst innafor gruvenæringa. Dei fleste
merka nedgangstidene, med driftsvanskar, avsettingsvanskar og påfølgjande
arbeidsløyse. Frå 1918 til 1919 sokk talet på sysselsette i bergverksnæringa
i Nordland frå 1 695 til berre 873 sysselsette.[2] Fleire gruver blei
lagt ned i 1918 og andre innskrenka i stor utstrekning drifta. Det
skjedde i Sulitjelma, Sydvaranger og Bossmo.[3]
I
Noreg resulterte krisa i ei endring i arbeidsmarknaden i høve til
perioden fram til 1920. No blei det
stagnasjon og tilbakegang i den anleggsretta arbeidsmarknaden i sekundærnæringssektoren.
I Bjørkåsen gruber i Ballangen gjekk for eksempel talet på
nytilsettingar mellom 1918 og 1922 dramatisk ned. I 1918 var det 488
nytilsettingar, medan det fire år seinare berre blei tilsatt 45 nye
arbeidarar. Arbeidsmarknaden var i ferd med å tørke inn. Rallartida
gikk mot ein ende, sjølv om det nok var dei som reiste frå anlegg til
anlegg i tida etter, om enn i eit langt mindre omfang. Rallaromgrepet Omgrepet
rallar har fått mange innhald og konnotasjonar. Dei har dels blitt skapt
av dei som sjølv var rallarar, men også av etterkommarar som har hatt
mytiske forestillingar om livet til ein rallar. Av
ordbøker vil ein snart oppdage at omgrepet til dels har mange innhald.
Omgrepet er svensk og det er i seg sjølv litt spesielt. At det er svensk
altså. Går ein til andre europeiske språk vil man ikkje finne det brukt
på same viset. Det er typisk for norsk og svensk språk, men finst ikkje
i språk som tysk, italiensk eller dansk. Det heng litt saman med det eg
snakka om i stad. Den sterke ekspansjonen og etterspurnad etter
arbeidskraft på anlegg- og gruvebedrifter var særeigen for Noreg og
Sverige i denne fasen, og dermed kan vi seie at rallar-fenomenet er eit særeige
skandinavisk fenomen. Sjølve figuren finst ikkje i andre naboland i
Europa i den same tidsepoken, verken i litteraturen eller i
historieforskinga. ·
Plansje
2 Omgrepet
fortel om ein tilstand. Eit rollebilete i arbeid og fritid. Ein livsstil
til ei heil gruppe. -
Rallar = arbetare vid jänvägsanlägning,
järnvägsarbetare; jfr RÄLS-LÄGGARE.
SvTidskr. (1879). -
Våra rallare ha i femtio år och mer arbetat som övermäniskor
och roat sig som barbarer. SvD(B) 1927, -
rallar
(frå sv, truleg frå engelsk railway 'jernbane', omlaga etter sv målf
ralla 'trille, rulle', jf I ralle) anleggsarbeidar, særleg på jernbane- og veganlegg; slusk
Rallar-kultur:
RALLAR-SÅNG,
RALLAR-TID,
RALLAR-VISA Synonymt med dette svenske omgrepet har ein på norsk side nytta omgrepet slusk, sjølv om det omgrepet har gitt langt fleire negative konnotasjonar enn det svenske. Det kan blant anna bety ” slurvet, vørdlaus person, fant, lasaron”, eller rett og slett anleggsarbeidar, rallar. Derfor har det på norsk side også dukka opp andre omgrep for rallar og slusk. Eit av dei er Bus, som har eit uvisst
opphav, men som betyr anleggs- el. gruvearbeidar; rallar; og som i
fleirtal kan bety eit kollektiv: arbeidslag
Det
var ein tilstand også prega av eit eiga kulturelt uttrykk, eller kanskje
ein kan kalle det ein subkultur. I
arbeidarbrakkene blei nye arbeidarar så og seie sosialisert inn i
rallar-rolla. Eit døme frå Sulitjelma viser dette. Ein arbeidar fortel
om at brakka var full av svenskar og finnar: ”Vi sat musestill og lydd når
dem fotalde historier, og vi lærte å bannes: alt gjekk på svensk. Men
vi vart ikkje slusk før vi begynte
med snus. På den tida var det grov Tiedemann, eller ”rape tre” som
det vart kalla. Den var grov som sagflis og sveis som varme. Vi vart sjuk,
kasta opp litt, men det gjekk over, og snart kunn vi legg inn en pris så
den satt, og spøtta slik som slusken”. Mange
norske og svenske skjønnlitterære forfattarar har skildra rallaren. Både
i Hamsuns Markens Grøde og i Andreas Markussons Fiskere blir vi kjent med
industrialiseringa av landsdelen. Markusson drar fram svensken Werner
Erikson som er på vandring etter arbeid, mens Hamsun litt meir
overfladisk skildrar den nye spekulasjonsøkonomien og industrien. På
svensk side kjenner ein Diring og Hedenvind-Erikson som rallarforfattar,
medan dei tre norsk forfattarane som kanskje mest har gått inn i
problematikken er Inge Krokann, Johan Falkberget og Kristoffer Uppdal.
Falkberget livnærte seg som gruvearbeidar mellom 1888 og 1906, så han
kjente miljøet så å si frå innsida. Det same gjorde trønderen
Kristoffer Uppdal, som både hadde jobba i gruver og på jernbaneanlegg.
Han var også fagforeiningsleiar for tunnellarbeidarane si fagforeining på
Rjukan. Uppdal nytta helst rallarbegrepet, men også omgrepa slusk og bus.
Han likte likevel rallaren best. Det var eit heidersbegrep som omhandla lausarbeidarane
som flakka frå arbeidsplass til arbeidsplass, frå arbeid til arbeid. Det
var dei
som skapte fagrørsla og dei første fagforbunda her i landet. Det var
dessutan dei som utgjorde kjernen og den sterkaste krafta i heile fagrørsla
i lang tid etter at Rallartida var over. Edvard
Bull, den historikar som kanskje har arbeidd mest med rallarkultur og
arbeidslivsforsking i denne perioden,
har på den andre sida meint det var eit skilje i omgrepsbruken
mellom det skjønnlitterære forfattarar nytta og det arbeidarane brukte
om seg sjølv. Ein arbeidar som blei innvidd i anleggsarbeidaryrket i 1888
meinte sjølv at han var blitt ”slusk” – ikkje rallar”. Det å
vere ein ”reinhårig slusk var den beste attest ein kunne få blant
arbeidskameratar. Rallaren
er med andre ord ein nokså samansett person, med mange og til dels
motstridande eigenskapar. Det er derfor vanskeleg å seie korleis han var
og ikkje var. Likevel kan ein trygt slå fast at det var ulike
rangordningar blant arbeidarane og at svenskane stod øvst på rangstigen.
Man
skal sjølvsagt vere forsiktig med å seie at slik og slik var det. Truleg
var det mange ulike oppfatningar og når ein går inn i og prøvar å få
eit grep om den indre kvaliteten til rallaren blir ein slått av ein
utprega mangesidigheit: -
På den eine sida var han ærleg og edrueleg – på den andre oppfarande
og uregjerleg, drikkfeldig -
Han var festglad, men arbeidssam -
Ein god kamerat og svirebror, men rival i kortspel og slossing -
Politisk bevisst, men i fritida oftast opptatt med dans, kortspel og
fylleslag. -
I Narvik rundt århundreskiftet var han svensk – i Ballangen og på
Stord 20 år seinare var han Nordlending. I dag er han vel mest svensk, sjølv
om mesteparten av dei som jobba på Ofotbaneanlegget til dømes er
nordlendingar. -
Blant sine eigne var han reinhårig slusk eller bus, blant skjønnlitterære
forfattarar Rallar og blant bondebefolkninga der han kom var han ein
ugudeleg inntrengjar. På
grunn av karakteren sitt dels motstridande og dels uklare innhald vil eg
mane til forsiktigheit når det gjeld ukritisk bruk av omgrepet. Framfor
alt vil eg advare mot å skape ein karikert figur som den ein ofte finn i
turistreklame eller liknande, eller i populære framstillingar. Rallartidas
to fasar: For
å nyansere den gjengse oppfatninga av kven rallaren var vil eg dele inn
rallartida i to fasar her i landsdelen. I
den første som varte frå 1860-1895 var det den klassiske rallaren som rådde
grunnen. Han var svensk eller sør-norsk, eit framandelement, ein vandrar
på evig søking etter arbeid. Han blei introdusert i desse isolerte
bygdene i Ofoten i 1880-åra. Då blei det første anlegget starta for
jernbanebygging mellom Kiruna og Narvik. Det var få i Ofoten som
beskjeftiga seg med anleggsarbeid. Både her og elles i landsdelen var
jernbaneanlegg noe helt nytt og framand. Anleggstradisjonar mangla og
rekrutteringa til anlegget baserte seg derfor på tilreisande arbeidarar.
Eit anna moment som bidro til låg lokal rekruttering var det store
behovet for arbeidskraft. Arbeidsstokken måtte finnes i Sør-Noreg og
Sverige, der det gradvis hadde utvikla seg ein anleggs- og vandrarkultur.
Arbeidargrupper drog frå anlegg til anlegg, og livnærte seg av
anleggsarbeid aleine eller i kombinasjon med tradisjonelle næringar. De
reine arbeidsvandrarane blei kalla «reinhårig slusk», mens de som
kombinerte lønnsarbeid med jordbruk var «bondeslusk».[i]
Fram
til våren 1887 kom det opp mot 200 arbeidarar til Narvikområdet, og
sommaren 1887 og 1888, da arbeidet var på det mest intensive, var styrken
på mellom 700 og 800 mann. Da anlegget opphørte i april 1889 var 42
prosent av arbeidarane frå Noreg, 44 prosent frå Sverige, 1 prosent frå
Finland, og 13 prosent av ukjent opphav.[ii]
Vel halvparten av nordmennene var sørfrå. «Slusken»
og «rallaren» var først og fremst komme for å arbeide, og akkordarbeid
var den vanlegaste arbeidsformen. Det var eit hardt og intenst arbeid. Di
meir ein arbeidde, di meir tente ein. Men slusken hadde også fritid, og
da var det vanleg at han avreagerte med kortspill og fyll, og det virka
forstyrrande inn på dei litt tilbaketrekte bygdene.[iii]
I 1870-årene hadde læstadianismen vunne gjennomslag i Ofoten, og livsførselen
til de tilreisande skapte furore. Anlegget skapte uvisse og frykt for
framtida. Albert Akselsen, ein ofoting som arbeidde på anlegget, fortel
at ein arbeidar ein juledagsmorgon drog ned til gamle Jens Kildal i
Taraldsvik. Han satt ved kjøkkenbordet og leste juleevangeliet da
arbeidaren kom busande inn, tok Kildal i skjegget, og leidde han bort til
omnen og sa: «Sett deg der, din gamle gudsbespotter». Mens arbeidaren
romsterte torde ingen flytte seg. Enkelte måtte finne seg i at
frustrasjonane blant dei tilreisande gikk ut over hus, inventar og
familie. Under eit fylleslag reiv festdeltakarane utedo på Narvikgardane,
og ein av slåsskjempene tok seg inn i huset til Amund Olsen. Vedkomande,
svensken Friberg, forsøkte å rive ned etasjeomnen, før Olsens dotter
fikk snakka han til fornuft, slik at han gikk.[iv]Olsen
stifta 8.august 1886 den første totalavholdsforeninga i Narvik, og hans
verdisyn stod i sterk kontrast til den utemma fritidskulturen blant
arbeidsstokken på anlegget.[v]
Folket på garden til Amund Olsen var strevsame, stillferdige, beskjedne
og snille menneske.[vi] Korleis skulle det bli i
framtida?[vii]
Hendinga vitnar om konfliktfylte møter mellom fastbuande fiskarbønder,
og slusken.[viii]
Motsetninga
mellom de tilreisande og dei fastbuande botna blant anna i skarpe religiøse
skilleliner. At det gikk konfliktlinjer mellom lokale læstadianarar og
anleggsarbeidarane kom stadig fram. Ein gang anleggsformann Baard Jenssen
drog til ei læstadianersamling sammen med noen arbeidarar, heldt ein same
oppbyggelse med den kjente læstadianarleiaren Bakkejord som tolk. I det
Jenssen kom inn i lokalet ropte samen: «Der kommer djævelen». Jenssen
og følget hans kom ikkje til lokalet for å bli frelst, og kommentarene
fra læstadianerpredikanten vitner tydeleg om ei fientleg innstilling til
slusken.[ix]
Heile episoden vitna om gjensidig mistru mellom arbeidarar og fastbuande. Frå
Stord finn vi litt av det same fenomenet. Der var det dei ”gudlause
gruvesluskane” som rådde grunnen der, men det var likevel stereotypiar.
Ikkje alle var like gudlause. Dei drakk javel, men ikkje kvar dag og som
regel berre til fest. Det blei sagt om slusken at han ikkje hadde tid til
å drikka når han arbeidde. Likevel var det altså ei utbreidd oppfatning
blant dei fastbuande i vestlandsbygda at arbeidarane var gudlause. Det
hang sjølvsagt saman med haldninga til religion, men også den øvrige
politiske innstillinga. Kristoffer Uppdal var kjent som syndikalist, som
var ei svært markant politisk gruppering av revolusjonære anarkistar og
kommunistar. Dei spela poker og kasta seg i dansen på Folkets Hus, og
tala store ord om sosialismen og det framtidige klasselause samfunnet,
heiter det frå Stord. Det
kan igjen vere ein av grunnane til at rallaren som politisk symbol blir
feira framleis. Han sikra politiske rettar for etterslekta som etterslekta
må verne om. For arbeidarrørsla har rallaren også blitt eit symbol for
yrkesstolheit og sjølvkjensle. Han spreidde nye idear og impulsar gjennom
sine erfaringar med arbeidskampar og spreidte kunnskap om sosialisme.
Derfor er det ikkje rart at Rallarmonumenta har fått sin plass nettopp på
dei plassane der desse impulsane fekk sterkt fotfeste, som t.d. Notodden,
Narvik, Bjørnevatn og Årdal. Det er derfor ikkje å undre seg over at
1.mai-talen i Notodden nettopp skjer ved Rallarmonumentet. Fase
II: Fase
ein av rallartida var tida fram til ca. 1895. Etter det tidspunktet endra
mykje seg i alle fall her i Ofoten. Frå då av var den framande,
langvegsfarande arbeidaren i mindretal blant arbeidsstokken på anlegga.
No hadde anlegga i langt større grad blitt meir integert i nordnorsk økonomi,
og langt fleire nordlendingar hadde tatt til å nytte anleggsarbeida som
ein mulegheit til å skape seg eit levebrød. Det
ser vi tydeleg av flyttestrømmen til Narvik rundt 1900. Så mange som 79
prosent av innbyggerne i Narvik, var fødd i ein nordlandskommune
inkludert Ankenes. Nær 1/3 av Narvikværingane kom frå Vågan og Vestvågøy
(Borge/Buksnes) i Lofoten, Bodø/Bodin og Evenes. Slik var det ikkje i den
første fasen. En grunn til utviklinga var at distriktane rundt hadde
opplevd en sterk folkevekst, med påfølgande stagnasjon i tida fram mot
byetableringa i Narvik. Både Vågan og Bodø opplevde stagnasjon i
fiskeria, og frå Bodø reiste mange til Narvik for å bli då krisetidene
ramma Salten rett før hundreårsskiftet. I Narvik er namn som Hunstad,
Gundersen og Zimmermann fra Bodø/Bodin, mens namn som Steira, Alstad,
Kolflaath og Kajander vitnar om lofotinnvandring. Det
sterke innslaget av nordnorske arbeidarar viser at anlegget var velkomen i
Nord-Norge i 1898 i større grad enn i 1885. Anlegget og byen var nå
blitt et nordnorsk foretak, mens det forrige var eit anlegg for «framande»
arbeidarar, skapt av framand kapital. Forskning på rekrutteringa har vist
at 73 prosent av arbeidarane var frå Nord-Noreg, medan berre 15 prosent på
det engelske anlegget var frå landsdelen.[x]
Fleirtallet av den norske arbeidsstokken var hovudsakleg rekruttert frå
den nordnorske fiskarbondebefolkninga, og ut frå arbeidarane sin
sivilstand og alder kan en slutte at arbeidsstokken var relativt ung og
uerfaren.[xi]
I motsetning til arbeidarane ved det engelske anlegget hadde dei fleste no
eit erfarings-, språk- og kulturgrunnlag felles med den fastbuande
befolkninga. Det gjorde anlegget til ein meir integrert del av nordnorsk
kultur og økonomi. For mange nordnorske fiskarbønder kom inntektene fra
arbeidet ved Ofotbanen godt med økonomisk. Kokkene langs banen var dermed
også integrerande i så måte. Mang ei nordlandsjente fikk seg jobb langs
banen for å koke mat for arbeidsfolk langs linja, og rekrutteringa til
arbeidet var i stor grad lokal. I 1900 var 49 av 58 kokker på anlegget
fra Nord-Norge, og mange ble også gift med arbeidere på anlegget.[xii] Rallaren var blitt
nordlending. Lofotværingen
Nils Steira, jobba på anlegget og blei seinare sentral i
arbeidarforeninga i Narvik. Han var eldste son på garden Steiro i Borge på
Vestvågøy og representerte som nordlending med fiskarbondebakgrunn den
typiske arbeidaren på det nye anlegget. I folketeljinga for 1900 står
den 24 år gamle Steira oppført som jernbanearbeidar og fiskar, men
egentleg var han murar. Han deltok blant annet i murearbeidet på brakka på
Djupvik, brua over Forsneselva og tunnelen under Tøtta.[xiii] Han var på anlegget fra
1898 til 1902, dels for LKAB og dels for jernbanen. Sjøl om han var
odelsgut på Steiro nytta han ikkje odelsretten. Han var en av
fiskarbondesønnene som valgte å gå ut av den tradisjonelle økonomien
og inn i den nye, industrialiserte og kapitalistiske. Då Ofotbanen feira
50 år i 1952, var Steira pensjonert arbeidsformann, fortsatt busett i
Narvik. Han hadde vært tilsatt i LKAB frå 1902 og var framleis kasserar
i Narvik Arbeiderforening.[xiv]
Steira gikk fra anlegg til permanent drift ved LKAB då anleggsarbeidet
var over. Mange gjorde som Steira. Dei gikk frå anleggstilvære og blei
byborgarar i nybyen. Ikke alle karakteriserte seg sjøl som «rallar»
eller «slusk». Steira meinte slusken var slike som «ikke hadde arbeid»,
men som kom til brakkene for å bo der noen dager, for så å flytte til
ei ny brakke.[xv]
Det kan være interessant å stoppe litt opp ved det utsagnet. Mye av
Narviks seinere identitetsbygging baserte seg på myteskaping frå
anleggstida. Narviks sjel har også seinere blitt forklart gjennom symbol
og myter fra «rallartida». Fordi mange av dei som befolka anlegget
seinere slo seg ned i byen og prega samfunnslivet, har anleggstida fått
en sentral plass i byen. Anlegget var stort og gjevt, og for ettertid
knytta det seg ein stoltheit til Ofotbanen som har gitt utslag i feiring
av rallaren og rallarkokka, jernbaneentusiasme, arbeiderkultur,
vinterfestuke og annen kulturskaping. Slik sett spiller byens og banens
etableringsfase indirekte virka inn på livet i området også hundre år
seinare. Eit
av dei mest problematiske bileta frå anlegget er myta om at
anleggsarbeiderne var folk som «hadde vanskelig for å tilpasse seg
samfunnet», og som derfor «søkte til denne arbeidets fremmedlegion».[xvi]
Utsagn av den typen gir eit feilaktig inntrykk av arbeidsstokken. Det er
blitt påvist at arbeidarane overveiande var vanlege nordlendinger som
forlot eit mindre lønsamt fiske og plassmangel i jordbruket. Dei økonomiske
forholda førte med andre ord til at mange nordlendingar søkte andre næringar
eller forsøkte å komme seg til Amerika. Årsakene til vala var ikkje at
dei hadde vanskar med å «tilpasse seg samfunnet». Grunnen var av økonomisk
art.[xvii]
Mange av Steiras sambygninger flokka seg rundt andre industri- og
gruveanlegg, både i nord og sør.[xviii]
Mange var innom Sulitjelma, gruvene i Sydvaranger og på Stord, og Nils
Steiras bror, Roland, var seinare å finne som vel etablert maskinist i
A/s Bjørkaasen gruber i Ballangen i 1930.[xix]
Det
har også blitt skapt oppfatningar om at det norske anlegget i likheit med
det engelske var eit framandelement. Det har blitt påpeikt at
motsetningane mellom arbeidarane ved det siste anlegget og dei fastboende
var like sterk i 1898. Grunnen låg også no i arbeidarane sin «hensynsløse
utfoldelse i et primitivt fornøyelsesliv».[xx] Det har til ein viss grad
blitt avvist. Religionsvitaren Hallvard Larsen har i si forskning skildra
ein ny mobilitet blant ungdommen som gjorde at mange ofotinger gikk tapt
for læstadianismen. Dei deltok i anleggsarbeidet, og budde i brakkelag.
Ein læstadiansk informant fortel at «andre ting kom inn i bygda. Folk
var ute og tjente penger og var blant ikke-kristne.[xxi]
Unge læstadianarar deltok i den kapitalistiske økonomien og valte den i
sterkare grad enn sist. For læstadianarane var det ikke rallarkulturen i
seg sjølv som blei sett som trusselen. «Rallerne
kunne forsiktig legge til side den ene hundrelappen etter den andre. Men når
det høvde så, fikk pengene ben å gå på, til klær og kortspill, sprit
og kvins.»[xxii]
Slik blir den mytiske forestillinga om livet i Narvik og omland rundt
byetableringa gjerne framstilt og bevart. Ser ein på arbeiderminnene fra
etableringstida, får en derimot eit meir nyansert bilde. Johan Horrigmoe
var engasjert som lensmann i helgene i Rombaksbotn, det vesle
Klondykesamfunnet inne i fjorden, mens han arbeidde på Ofotbanen.[xxiii]
Han var snar å slå fast at «de dårlige sidene ved livet» har blitt «mye
overdrevet». Det hendte at noen mista både trøye og vest i masseslagsmål,
men politimyndigheitene hadde små vansker med å hevde seg. Dei verste bråkmakarane
var i følge Horrigmoe ikke rallare, men «ishavsfarerne». Dei kom om
somrane, var «sterke som farken sjøl» og måtte hanskast varsamt. Ingen
av dei var likevel farlege. Ikkje ein gong dei så sagnomsuste svenske
rallarne var så verst. Dei kunne bruke kjeften, men det ble aldri «mye
med dem.» Der som elles var det berre enkeltpersonar som utmerka seg
negativt.[xxiv]
Det var mange myter knytta til hvem de farlegste var. Ei av dei mest
seigliva mytene er seinere blitt levendegjort av Ingwald Karlsen og Nils
A. Ytreberg. Det var myten om dei skumle finnene. Horrigmoe hadde respekt
for dei. Dei dreiv sitt kortspel, drog mellom Rombaksbotn og fjellet, og
var heile tida under konstant oppsyn av Horrigmoe og medhjelparane.
Grunnen var at finnane var mistenkt for å ha drepe tre mann på fjellet.
Men ingen kunne prove det, og saka blei aldri avklart. Likevel lever dei
seigliva mytene om skumle finner vidare, og i teikneserien om Svarta Bjørn
i Fremover i 2001 blei bildet av den finske skurken Niemi videreført til
nye generasjoner.[xxv] Dei
fleste vitnemål fra anleggstida skapte også eit bilete av Rombaksbotn
som ein syndens pøl. Dit drog arbeidarane langs banen for å feste, og
det synes som om dei hadde behov for å kople av på ein hard måte,
gjennom høgt alkoholkonsum og kopulering med tilfeldige kvinner.[xxvi]
Restauranten til tromsøkvinna Olga Well har blitt udødeleg i så måte.
Her gjekk det livleg for seg, mye på grunn av den ulovlege handelen av
sprit og øl. Avansen var enorm, og stemninga høg. Ein gang blei det så
livleg at Olga Well løsna skot for å få klientellet ut av
etablissementet.[xxvii]
Vi skal likevel ikkje bli for opphengt i denne syndens pøl. Det
utsvevande brakkelivet som har prega forestillingane om rallarkulturen,
ser ikke ut til å ha prega anlegget alltid og overalt. Det gikk for
eksempel «rolig for seg» der Nils Steira var. Litt kortspill var det
einaste han kunne huske av utsvevande liv.[xxviii]
Den vanlegste fritidsaktiviteten var å tilbringe kvelden på brakka. Her
kunne arbeidarane spise, vaske seg og sove, spille kort eller lese bøker.
Noen nytta anleggsbiblioteket eller kjøpte bøker av omreisande
skreppekarar, andre tok med seg fiskestanga og gjekk på tur i skogen.[xxix]
Dette var truleg den mest vanlege fritidsaktiviteten. Rallarbegrepet blir
dessuten ofte knytta til arbeidarane sine fritidsaktivitetar og i liten
grad til det som skjedde i arbeidstida. Dermed knyt ein få minner til det
jamne, harde slitet på banen. Det eksotiske kjem i fokus. Det er kanskje
den største veikskapen ved rallar- og anleggsmyten i Narviks
etableringsfase. Det blir også unyansert å berre vektlegge drikking og
turing, og arresten full etter helgas fest. Bjørn E. Andreassen har vist
at ein god del av arrestantane ved anlegget var arbeidarar ved Ofotbanen,
men mange arrestantar var ikkje ein gong tilknytta anlegget. Mye av æren
for den ville livsstilen fell derfor på andre enn anleggsarbeidarane.
Alle større norske anlegg blei vanlegvis oppsøkt av «arbeidssky individ
som snylta på arbeiderne ved å tigge penger og forlange mat.» Dei kom
ikkje primært for å arbeide, men for å ta del i fornøyelseslivet.
Myten om anleggsarbeidarens utsvevande fornøyelsesliv er tydelegvis
unyansert og einsidig negativt.[xxx] Konklusjon: Kva
type innhald vil du ha i omgrepet rallar? Han kunne komme overalt i frå.
Ein treng med andre ord ikkje å svenske for å vere rallar. Han kunne
vere ishavsmatros frå Troms, fiskarbondeson frå Lødingen, fiskar frå
Bodø eller skinneleggar frå Oppland. Rallaren er med andre ord ein
samansett figur, og vi skal vare oss vel for å skape eit inntrykk av at
han var noko bestemt noko som vi har bestemt innhaldet i. Derfor vil eg
avslutnigsvis vende tilbake til Kristoffer Uppdals roman Herdsla og ta
ekstrakten ut av Songen um rallaren. Der får Uppdal fram mangfaldet i
figuren, den fleirdimensjonale rallaren, ikkje den karikerte, myteomspunne
og eindimensjonale. Der Rallaren nettopp representerer det moderne
mennesket, med veikskaper og styrker. Han
var ”naken i sin styrke”, både åleina og i flokker. Han
søkte fridom og var trassig, talte frå levra og sjela, og kunne vere eit
”uversdyr”. Han kunne tvinge større styrke enn han sjølv i kne. Han
kunne vere ”hard og usårande”, men hudsår, lik eit barn, mot minste
urett. Han var alltid på vandring, frå arbeid til arbeid, og innimellom
gjerandlaus. Han søkte spenning, lik Askeladden, og likte å skape. For
Uppdal representerte Rallaren det moderne mennesket. Det mennesket som
ville skape si eiga verd, bygge opp eit eige liv fri frå stamnsband og
forutbestemte livsvegar. Han var banebrytaren som gjekk foran og viste veg
for ettertida. Han reiv seg opp frå røter og tradisjonar og skapte sitt
eige uttrykk, kulturelt og politisk, i arbeidsliv og fritid. Uppdal
skriv til slutt i songen om rallaren at han kom frå ”den gråblå
morgonverd, ho i uppvakning og byrjing, med noko svart ruvande upp: nye
menneske, byggjande si eiga verd. Sjølve noko av den nye verda. Og
byggjande seg sjølv. Som
elva ho når havet, fløymer ho framleis der ho fløymde. So med rallaren
òg. Han blir borte i mythe-himmelen”
[i]
Andreassen, B.E: “Førr malm
skall børja køras nittenhundratvå”. UiTø 1988:32-33.
[ii]
Andreassen, B.E: “Førr malm
skall børja køras nittenhundratvå”. UiTø 1988:36.
[iii]
Akselsen, A.: Fra Ofotbanens første
anleggstid, Oslo 1948:28.
[iv]
Akselsen, A.: Fra Ofotbanens første
anleggstid, Oslo 1948:28.
[v]
Jarl, O.: Narvikboka, Haandbok
ved det norske totalavholdsselskaps landsmøte i Narvik 1912,
Narvik 1912:24.
[vi]
Lillevik, O.G.:”Slik jeg husker det—“. Ofotens Tidende 1948.
(del 2)
[vii]
Akselsen, A.: Fra Ofotbanens første
anleggstid, Oslo 1948:27.
[viii]
Akselsen, A.: Fra Ofotbanens første
anleggstid, Oslo 1948:27-28.
[ix]
Jenssen, B: Bidrag til Narviks historie, s.4, i E.Blix-samlinga,
NABIBL.
[x]
Andreassen, B.E.: “Førr malm
skal …..”, UiTø 1988:42.
[xi]
Andreassen, B.E.: “Førr malm
skal …..”, UiTø 1988:59.
[xii]
Andreassen, B.E.: “Førr malm
skal …..”, UiTø 1988:43.
[xiii]
Ofotbanen 1902-1952,
“Fremovers” jubileumsnummer i samband med 50-årsjubileet på
Ofotbanen.1952:28.
[xiv]
Ofotbanen 1902-1952,
“Fremovers” jubileumsnummer i samband med 50-årsjubileet på
Ofotbanen.1952:28.
[xv]
Ofotbanen 1902-1952,
“Fremovers” jubileumsnummer i samband med 50-årsjubileet på
Ofotbanen.1952:28.
[xvi]
Ytrberg, N.A.: Narviks historie,
bind I.Narvik 1953:146.
[xvii]
Andreassen, B.E.: “Förr malm
skall börja köras…”, UiTø 1988:133.
[xviii]
Drivenes, E.A.: Fiskarbonde og
gruveslusk, Tromsø 1985.
[xix]
Aas, S.: Den allsidige
industriarbeidaren. Nordnorsk økonomisk modernisering 1900-1950.Tromsø
1998:79-88.
[xx]
Andreassen, B.E.: “Förr malm
skal börja köras…”, UiTø 1988:133.
[xxi]
Larssen, H.: “Fra pereiferibevegelse til storsamfunnsinstitusjon.
Utviklingslinjer inne læstadianismen i Ofoten 1848-1970.”, i
Finstad, Hansen (m.fl.) Stat,
religion, etnisitet. Skriftserie nr.4, Senter for samiske studier.
UiTø:198.
[xxii]
Ytreberg, N.A.: Narviks historie.
Bind 1. Narvik 1953:232.
[xxiii]
Jernbaneminne: Johan Horrigmoe, Ankenes, f. 9/11 1878:.2. NJM
[xxiv]
Jernbaneminne: Johan Horrigmoe, Ankenes, f. 9/11 1878: NJM
[xxv]
Jernbaneminne: Johan Horrigmoe, Ankenes, f. 9/11 1878:3-4. NJM
[xxvii]
Jernbaneminne: Johan Horrigmoe, Ankenes, f. 9/11 1878:.5. NJM
[xxviii]
Ofotbanen 1902-1952,
“Fremovers” jubielumsnummer i samband med 50-årsjubileet på
Ofotbanen.1952:28.
[xxix]
Andreassen, B.E.: “Förr malm
skal börja köras…”, UiTø 1988:131.
[xxx]
Andreassen, B.E.: “Förr malm
skal börja köras…”, UiTø 1988:133-134.
|
|||||||